08 juni 2006

Sovesofa eller seng...

I det siste har eg filosofert over eit av dei største og viktigaste spørsmåla her i livet: Skal eg kjøpe sovesofa eller seng?

"Har du ikkje seng?" Tenkjer du kanskje der du sit å surfer frå blog til blog av rein vane. Og nei, eg har faktisk ikkje mi eiga seng. Har budd vekke nå i 8 år, men har framleis ikkje hatt mi eiga seng. Så nå når eg og Jani skal flytte inn i ei ny leilighet utan seng, må eg til å handle...

"Seng," tenkjer du utan å blunke. Sovesofa har jo på langt nær så god sovekomfort som ei vanleg seng med ei god madrass. Og det kan eg seie meg enig i... Men, nå kjem poenget mitt: "Soveplassen" skal eg berre ha i eit år. Etter det blir det blir det giftemål og deling av ei (forhåpentlegvis) større seng. Så kva blir det mest økonomiske...?

Sovesofa som kan brukast som sofa i ei framtidig kjellerstove e.l Eller seng som kan brukast som gjesteseng i eit framtidig hus. Vanskeleg spørsmål dette her. Ulempen med å velge sovesofa blir liggekomforten, mens ulempen med seng blir å finne lagringsplass mens ein framleis er uetablert (utan eige hus eller leilighet) og bur på ein liten studentleilighet.

Kanskje Du har eit godt svar på dette... Lett er det i alle fall ikkje å bestemme seg. Slike store problem her i livet er ikkje alltid like lett å takle, merker eg... Er glad ikkje alle opplever å måtte velgje i slike vanskelege situasjoner. Det kan fort gå utover både nattesvevnen, og det er ikkje sikkert at ein kjem ut med rak rygg etter eit slikt valg.

Nokon som har gode råd?