01 november 2009

Finne på nåke i dagene før jul?

Hei

Me tre frå vår litle familie i Bergen kjem heim til Kvilldal allereie 17.desember i år. Så nå lurer me på om det er nokre som har lyst å vere med på eitt eller anna kjekt. Anten det er på dagtid med tur (gjerne på ski) eller det er på kveldstid med spel, jule-musikk og forhåpentligvis store snøfiller som stille legg seg ned utanfor vindauget.

I år skal søstera til Hanne Marte gifte seg på nyttårsafta, så me lyt reise opp til Sunnmøre i løpet av 27.desember. Dei som er raske i hovudet vil då forstå at me lyt droppe juletrefesten i år. Det er med blanda følelser me ikkje stiller opp, men skal bryllupet vare tre dager til ende, lyt me stille opp- og hjelpe til eit par dager i forveien.

Ellers håpar eg at du Sigrid ordnar med snø på heia til oss... Me er svært klare for å komme i gong med skisesongen. Dette gjeld også Sondre, som ein kan sjå på filmen under:)