08 juni 2006

Sovesofa eller seng...

I det siste har eg filosofert over eit av dei største og viktigaste spørsmåla her i livet: Skal eg kjøpe sovesofa eller seng?

"Har du ikkje seng?" Tenkjer du kanskje der du sit å surfer frå blog til blog av rein vane. Og nei, eg har faktisk ikkje mi eiga seng. Har budd vekke nå i 8 år, men har framleis ikkje hatt mi eiga seng. Så nå når eg og Jani skal flytte inn i ei ny leilighet utan seng, må eg til å handle...

"Seng," tenkjer du utan å blunke. Sovesofa har jo på langt nær så god sovekomfort som ei vanleg seng med ei god madrass. Og det kan eg seie meg enig i... Men, nå kjem poenget mitt: "Soveplassen" skal eg berre ha i eit år. Etter det blir det blir det giftemål og deling av ei (forhåpentlegvis) større seng. Så kva blir det mest økonomiske...?

Sovesofa som kan brukast som sofa i ei framtidig kjellerstove e.l Eller seng som kan brukast som gjesteseng i eit framtidig hus. Vanskeleg spørsmål dette her. Ulempen med å velge sovesofa blir liggekomforten, mens ulempen med seng blir å finne lagringsplass mens ein framleis er uetablert (utan eige hus eller leilighet) og bur på ein liten studentleilighet.

Kanskje Du har eit godt svar på dette... Lett er det i alle fall ikkje å bestemme seg. Slike store problem her i livet er ikkje alltid like lett å takle, merker eg... Er glad ikkje alle opplever å måtte velgje i slike vanskelege situasjoner. Det kan fort gå utover både nattesvevnen, og det er ikkje sikkert at ein kjem ut med rak rygg etter eit slikt valg.

Nokon som har gode råd?

10 kommentarer:

Anne Brit sa...

du kan få brisken min... eg gidde ikkje ta den med te nordland.. bare kom og hent den..

Irene sa...

me har ei enkel "samanleggbar" seng heima som du sikkert kan låna... den har eg hatt m meg her og der, så treng du bare ei madrass å legga oppi... :D

Ville jaffal satsa på seng, når eg tenke på helsa!

Synnøve sa...

Eg føreslår at du slår t me ei dobbelseng me d sama eg.. :) Så sleppe dokken den utgiftå neste år!

Anne Brit sa...

Eg må sei meg enige med Synnøve, viss du har plass te det...

Familien Sukka sa...

Då sko du sett rommet... Hadde nok ikkje foreslått det då... E ikkje så utrulig mykje større enn rommet heima i Kvilldal, så dobbeltseng blir det nok ikkje:) Men, har sett at Ikea har fått nåke nytt nå: Sovestol. Er stol om dagen, men kan gjerast om te ei seng om kvelden. Må i alle fall prøve det før eg bestemme meg.

Irene sa...

Kæ m tv'en dokkas? kan Audi få den???

Familien Sukka sa...

det e snakk om at Hanne Marte og dei kanskje ska ha den, men viss ikkje kan hu gjerne ta den ja... Me trenge den i alle fall ikkje:) Like holdninga her inne. Ser ut som at me e i ferd med å gå tilbake til det gode gamle "byttesamfunnet". Du får 3 løker av meg, så får eg ei potet, 4 gulerøtter og ei halv nepe av deg... Nokon som har lest "Doppler" av Erlend Loe? Kan anbefalast!

ane marie sa...

Å! hørte rykter om at TVen har havnet i fabrikkgaten! så snillt...:)

men Audi, du kan få komme å se på TV hos oss!:)

Venke sa...

eg ville jo bare kjøpt køyseng...så har du det som heime i bronnabakkane...go plass å greier...hehe...
Venke

Familien Sukka sa...

Nå e seng ordna, og det gratis:) Kan ikkje klage då. Var med ein kamerat og flytta. Plutselig sa han at han hadde ei seng for masse. Han hadde ikkje tenkt å selge den, men låne den vekk. Kan det bli bedre...? Så då trengte eg bare å kjøpe madrass, tenkte eg. Men, litt seinare på kvelden kom det fram at han hadde ein madrass for masse. Genialt når det ordne seg slik. Eg fekk hjelpa han og flytte og han fekk hjelpe meg med soveplass for neste år. Lenge leve byttesamfunnet:)