08 oktober 2006

Frukost i Bergen


Søndag morgon/formiddag fekk eg storarta besøk av Bjørklygjengen. Eg diska opp med det kjøleskapet kunne by på etter å ha vore vekke i 2 veker, så menyen var heller skral. Men, besøket klagde ikkje. Irene for eksempel har aldri meir enn ost på frukosten sin, så for hennar del var dette luksus. Synnøve derimot sa ingenting. Kjetil smilte fornøgd mens Astrid hadde nok med å konsentrere seg om å ikkje sotle.

Besøket var eigentleg veldig vakne til å vere denne tida på døgnet. Gjengen brukar normalt å vere i djup svevn fram til 12 i helgene, så eg vart positivt overraska når
dei dukka opp eit kvarter før tida.

Planane vidare for dagen er så ymse. Kjetil f.eks skal reise med toget til Gol, og vidare med buss til Valdres. Synnøve skal reise med flyet til Sola, mens Astrid skal svippest ut til Bildøy. Irene og eg skal fortsatt vere i Bergen ei stund til. Som ein opplysning, kan ein nevne at Irene har kjøpt seg ein flott leilighet i Sandviken i Bergen. Så det blir ingen husbygging i Bakkamarkjå med det første... For min del blir det klatring med 3 kamerater i ettermiddag. I dag er det bare 5 dager til Hanne Marte kjem igjen!

Takk for besøket, vonar de kjem att.


3 kommentarer:

Synnøve sa...

Så va eg tebars i Stavanger... Kjempe koseligt å få komma på frokost hjå deg, Ole Terje! Skikkelig goe frokost og, me egg og greier! :) Om eg ikkje sa nåke, va d for d eg nøyt maten... :) Me talast. Og kjeme du t Stavanger, kan du godt få koma på frokost hjå meg altså! :)

Synnøve sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.
Anonym sa...

hey den pcen har eg sitt før!!
dette visste eg kje nei