11 desember 2007

Snart jul :)

Kult med sånn gjettekonkurranse! Ikkje at eg har vore aktive, men bra påfunn! Kom på det der "Lyden av Norge" på P4, var ganske hekta på det ei stund...kjekt med sånne litt finurlege ting..:)

Må sei at eg gledar meg til å komma heim til jul! God mat, julamusikk, julaselskap, julatrefest og fred og ro i Kvilldal :) Har faktisk fått vore heima 2 gonger i haust, så eg skal egentlig ikkje klaga.

For tida så er eg i Tromsø, trur me skal vera her det meste av tida fram til julaferien. Har reist ganske mykje i haust, så det er godt å ha ein litt roleg periode nå.

Måtte bare legga ut eit bilete av nordlyset, for det er så fantastisk fint!! Første gongen eg såg det i haust, så måtte eg stå og nyta det lenge, for eg hadde gløymt ut kor fint det var :)

I går såg eg "Mens du sov", den er så herleg den filmen!! Og så har eg fått julamusikken min opp her, hadde gløymt å ta den med meg, så nå kan eg få litt julastemning :)

Håpar at alle i saman har det bra! Så treffest me vel i jula :)

4 kommentarer:

Astrid sa...

Kjekt med et innlegg ifrå deg Ingunn! Glede meg masse t å treffa deg i julå, åsså glede eg meg t å komma opp på besøk itte jul :) kan godt få sjå litt nordlys og :)

Hehe, eg huske perioden din med lyden av P4, d va ganske spennande då :)

Synnøve sa...

Så koselig å høyra frå deg Ingunn..
Hørre faktisk på lyden på P4 akkurat nå! :) Ganske festlig.

Ska på nattevakt i kveld, så nå har eg vaska vindu, både ute og inne og har havremakroner i ogn. Mmm, goe lukt av jul! :)

Me talast i julå!

Kjetil sa...

nå glede eg meg t jul:) ska bli så godt å komma heim og sleppa å lesa t eksamen! heldige du som ikkje har eksamen ingunn

Ingunn sa...

Så koseligt med kommentarar!:)
ska sei du har vore ivrige Synnøve! håpe du har d fint på nattevakt! rundt på sparkesykkel ser eg for meg..:)

ja, eg tenkte faktisk på d når eg skreiv innlegget at eg e ganske heldige som har d så roligt nå før jul. Må sei eg syns synd på dåkken som har så mongen eksamenar!

ååå, håpe virkelig me får t ein gong d passe å komma på besøk!! hadde vore så kjekt!!:)

glede meg t å treffa dåkken i julå!!:)