22 november 2006

Gratulera med dagen, Synnøve!!!!!!!




Tru om det har komme snø heima..pleide jo å komma denne dagen den...hehe...Glede meg te selskap!!:) Stooore klem!!

19 november 2006

Julatrefesten..med nisse og song..


Utrulig så Arnfinn synge på i bakgrunnen her...hehehe...

Eg sitt å spøte litt...og så høyre eg på litt julasongar...må jo det...iallefall litt..hehe..å akkurat nå e det reflex som synge.."En krybbe var vuggen" og "Glade jul"...å eg synge 2.stemmen på begge...høyre liksom ungdoms-julemusikken inni håve mitt..hehe..løye koss dei har festa seg...:)




Løye med den nissen så alltid kjeme...så måan liksom var der òg..:)Tru kor an kjeme frå iår...?

18 november 2006

tante tove

Hallo!!
Tenkte eg sko gi litt livstegn frå meg..:) Har jo ikkje internett sjøl så då blir det aldri te at eg skrive innlegg på bloggane når eg er på besøk hos folk med internett. Men nå er eg altså på arbeid, ganske roligt inatt.., adle mine pasientar sove. Har begynt i ein nattevakt stilling på Sandnes sjukehus 50% vikariat. Like meg veldig godt, knallas kjekke folk å jobbe med. Men eg savne pittelitt mage- tarm avd på SUS, diagnosane der, og ikkje minst treffe Synnøve i gangane..,hehe. Trur kanskje at eg ska fortsette med å ta ekstravakter der inne. Og så ska eg jobbe julaften natt:) Men fri i romjulen. Det hadde ikkje blitt så mangen heime heller..., eg og mor og far på julaften viss eg hadde vore heime, men det hadde vore kjekt det og. Jul heime er best uansett:) Så håpe eg på snø og ski og ratt-kjelke renn i jula.
Me snakkes!!

14 november 2006

Snart klar for julasongar..


Nå e eg snart klar for å høyra på julamusikk..å denne e jo så fine...:)...huske du konserten Anne Brit...?Det va stas altså!!

Å så e det viktig å få med seg skomakergata på dvd og nissene på låven på dvd...masse kjekt i ventetiå...:)

Novemberferie!

Detta anbefale eg på det sterkaste..
Ei veka ferie i november!
"November er så trist og grå...", stod eg og song i første klasse!
Så kaffor ikkje gjera nåke bra me alle dei triste og gråe dagane i november... Her er nåken små glimt frå mine feriedagar, litt i Oslo og litt i Trondheim, saman me mine gode studievenner. For ein gjeng herlige folk! :)

30 oktober 2006

Johanna!!!


Her e Johanna akkurat komme te verden!!48cm og 3370g.












Å her e hu litt større...ligg å kikke ut på nonsnutane heima!












Å me to bare kose oss...dagen lang!!!

22 oktober 2006

20 oktober 2006

Hallo alle saman!!!

Går laaaang tid mellom kvart innlegg her!!
Kossen går det med alle?
Hæ?
Irene har fått kjøpt seg leilighet?
Koss langt er leiligheten til Synnøve komt?
Kjøpte Ole seg ny seng?
Korleis ser Johanne ut?
Noko nytt frå Suldal?
Kva tur skal Kjetil ut på nå?
Når skal Ingunn ut å reisa?
Og Sigrid?? Ka skjer på Bakka?
Og Bildøy-livet??
Og han som skal gifta seg i desember?
(ps trur eg såg deg på kvadrat for nåken veker sio)
OG TOVE!!!!??????
HÆÆ???
Her i Oslo e alt fint. Travelt som vanlig
Masse reising dei siste månadane,
men nå skal eg roa meg ned i byn, reknar eg med.
Alt går fint med hjorteprosjektet.
Norsk hjort ser bra ut så langt! :-)
Men parasittar finn ein jo alltids
Så......
Skriv innlegg folkens
Og fortell!
God helg til alle!!
tusen klemmar frå Klara Bakka

15 oktober 2006

Livet mitt!

Arbeid,
arbeid,
arbeid, arbeid,
ekstravakt
nattevakt, nattevakt,
sova, sova, sova,
nattevakt, nattevakt
helgearbeid, helgearbeid,
sova, sova,
FRI,
arbeid, arbeid,
ekstravakt, ekstravakt...
Og sånn går livet...

Også litt mimring me bilder frå kjære labben i Kristiansand... :) Sykkelen, Marianne, Silvana og meg i masasjestolen, og Ingunn, Siri og Annette samen me ADVIA. :)

08 oktober 2006

Frukost i Bergen


Søndag morgon/formiddag fekk eg storarta besøk av Bjørklygjengen. Eg diska opp med det kjøleskapet kunne by på etter å ha vore vekke i 2 veker, så menyen var heller skral. Men, besøket klagde ikkje. Irene for eksempel har aldri meir enn ost på frukosten sin, så for hennar del var dette luksus. Synnøve derimot sa ingenting. Kjetil smilte fornøgd mens Astrid hadde nok med å konsentrere seg om å ikkje sotle.

Besøket var eigentleg veldig vakne til å vere denne tida på døgnet. Gjengen brukar normalt å vere i djup svevn fram til 12 i helgene, så eg vart positivt overraska når
dei dukka opp eit kvarter før tida.

Planane vidare for dagen er så ymse. Kjetil f.eks skal reise med toget til Gol, og vidare med buss til Valdres. Synnøve skal reise med flyet til Sola, mens Astrid skal svippest ut til Bildøy. Irene og eg skal fortsatt vere i Bergen ei stund til. Som ein opplysning, kan ein nevne at Irene har kjøpt seg ein flott leilighet i Sandviken i Bergen. Så det blir ingen husbygging i Bakkamarkjå med det første... For min del blir det klatring med 3 kamerater i ettermiddag. I dag er det bare 5 dager til Hanne Marte kjem igjen!

Takk for besøket, vonar de kjem att.