03 mai 2006
Kvilldøler observert i nærleiken av kebabshappe
Tysdag kveld vart det observert tre Kvilldøler på veg mot ei kebabshappe i Bergen. Svoltne og kalde, kunne ein sjå dei vandre nedover Bjørnsonsgate mot Danmarksplass. Ei sikker kjelde, som vel å halde seg annonym, fortell om eit godt humør og lita sjenanse for å fortelje om at det var kebab dei skulle ete. Kjeldda som opplyser dette til KP vil heller ikkje navngi desse tre Kvilldølene, pga faren for sitt eige- og familiens liv og helse. "Desse tre ville nok ikkje ha gitt seg med det første om navna hadde kome på trykk," seier ei overaska og skuffa kjelde til nettutgåva til KP.
"Har dette gått for langt?" spør me i KP redaksjonen. Er Kvilldølene i ferd med å bli urbane, og trekkjer ned mot bysentrum om kveldane? Er grovbrødet blitt bytta ut med innvandrarkjøt med krydder laga for ei anna verdsdel? Eller er dette ei rein og skjær mangel på planlegging av mathandling på det lokale handelslaget?
Det lukkast ikkje for KP å kome i kontakt med desse tre observerte kebabungdommane i går kveld, men me lovar å følgje saka tett framover. "Ein kan ikkje la slikt gå hus forbi," avsluttar kjelda vår før han legg på røyret i sinne.
KP si nettutgåve høyrer gjerne på kva folket seier i denne saka, og ein ser gjerne at både sterke og svake ytringar kjem fram i lyset. Skulle det kome nye opplysningar i saka kan ein ta direkte kontakt på KP si tipslinje 52799
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
7 kommentarer:
Utifrå dei opplysningane eg får fram i artikkelen kan eg med få ord sei..eg sjems! Eg veit kem di e...eg veit kor di bur....!!
Var det for å prøve ut dei fremmedkulturelle smakene at dei forvilla seg te kebaben...eller var det for å erte kebebmannen litt...å gnikke isopor på vinduet...skremme di så det krusete håret retter seg ut å blir glatt og fint....?
Det e møkje som kan virka freistande...få oppskriftå på kebaben neste gong...!!
en svak ytring; jeg vet hvem det var, og sorry, men de har min støtte - kebab ruuuuuler! :D
Eg kjeme ikkje fram på tipstelefonen 52799.....???? What??? :)
Eg må sei at eg holde òg med dei som åt kebab... Det e sinnsjukt godt... Den beste e i Oslo, på ein plass Klara viste meg ein gong. som ein ekstra kommentar kan eg sei at det dessuten e viktig å lære seg å tilpasse seg den kulturen ein leve i.
ein av dei skyldige; kebaben var ikkje så veldig go (kylling-kebab)så det blei litt soddel på nåken av oss då me kom heim, nøytralisera tarmsystemet og få ein bedre smak i munnen. Me har iallefall prøvd å gjenge oss med de fremmedkulturelle, men fant vel ut at det er i suldal eg høyre heime i suldal er eg fest.., eg elskar desse fjell og desse daaaaalar. Og soddel er bedre. Det er vel også meir respektert i det samfunnet me kjem ifrå.
hellooooo... kem e så di skyldige??? ingen som tør å skrive navn her på denne siå, eller? Og e enig m hu Sigrid- ingen som e i andre enden når eg ringe tipstelefonen...
anonyme kommentarar e for pingler...
Legg inn en kommentar